Fiskeforvaltaren har oppmoda alle som fangar laks og sjøaure å ta skjelprøvar av all fisk over 0,5 kg. Skjelprøvetakinga vert organisert av Rådgivende Biologer AS.

Skjel er “ferdsskrivarar” til fisken og dei gjev mykje informasjon. Ein kan sjå kor gammal fisken er, kor gammal han var då han gjekk ut frå elva og ein kan rekna ut fisken si lengd ved ulike aldrar. Skjellesing er den enklaste metoden for å skilja villaks og rømt oppdrettslaks, og ein kan også bruka skjelprøvar til å gjera genetiske analysar.

Skjelprøven skal takast på sida av fisken, over sidelinja, mellom rygg- og feittfinne (jf. figur). Skrap først av slimet med ein kniv, tørk av kniven og risp så med knivbladet i retning framover på fisken. Få med mange skjel, minst 20 stk. Stikk knivbladet ned i skjelkonvolutten, knip konvolutten fast til kniven og dra kniven ut. Dersom fisken skal setjast attende i elva, må 4-5 skjel nappast varsamt ut med ei smal tang e.l.

Fyll ut flest mogeleg av rubrikkane på konvolutten, alle opplysingar som vert oppgitt er av stor verdi. Mål lengda på fisken frå snute til spissen på sporden når den ligg naturleg utstrekt (jf. figur).

lengde fisk

NB! Oppbevar skjelkonvolutten luftig, slik at prøven får tørka skikkeleg opp.

Vi treng skjel frå så mange fisk som mogeleg, både villaks, oppdrettslaks, sjøaure og regnbogeaure. Dersom du finn fisk som er merka, må desse fiskane også takast prøve av, samstundes som opplysingane om merkenummer returnerast til rette instans (står på merket). Noter også merkenummer på skjelkonvolutten. Bruk eventuelt baksida av konvolutten til slike og andre merknader.

Resultata frå skjelanalysane vil bli meldt tilbake til dei som organiserer fisket i vassdraget innan neste fiskesesong.

Skjellprøve poser fås ved å henvende seg til:

Jagge Sandblåst
Valldalsvegen 860
6210 Valldal